Vitnesbyrd frå Midtausten

Dette er ei samling av vitnesbyrd som vi har blitt fortalte under opphaldet:

 

Reklamer

Då er vi heime!

Midtausten opphaldet er over for denne gong. Det var lærerikt, livsforvandlande og utrustande.

IMG-20190309-WA0003

Utsikt ned til Dødehavet og over til Israel.

Den siste veka før vi reiste var det veldig kjekt! Vi vart med i ungdomsbibelgruppe heime hos nokre irakiske vener, vi følte vi fekk gode vener i kyrkja, vi for på arabisk pub og såg fotballkamp, og saman med misjonerane Nate, Jonathan og Juan drog vi til Dødehavsfjella, gjekk i to dagar på den moabittiske slette, og sov under ein fantastisk stjernehimmel. Vi gjekk frå 400 meter under havet til 800 meter over havet. Vi vart overvelda av gjestfridomen til beduinane då vi åt middag med dei, og fekk utdelt steikt småfisk frå Wadi Mujib elva. Dagen etterpå tok vår gode ven Ibrahim oss med til Jordanelva, den eksakte plassen Jesus døypte seg! Før vi reiste vidare til Dødehavet og bada der. Vi åt byens beste falafelsandwich, og fekk sagt ein avskjedstale til alle i kyrkja. Dagen etterpå vart vi invitert på lunsj og middag med våre nærmaste venar og fekk sagt hade til alle, spesielt trist var å seie hade til vår jordanske mor – Umm Ra, og ein god kompis som har budd 9 år i Noreg – Ammar!

Til sist vil vi avslutte med eit kjend og kjært bibelvers frå Filliparane 3,8: «Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenne Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus.»

Eit rungande Amen frå teammidtausten, takk for at akkurat du fylgde reisa vår. Gud velsigne deg/Allah iberkon!

20190309_113259received_1621208821315229

Dødehavet var noko av det kjekkaste på heile reisa. Tok med vasstett bibel. Snapchat-673757472

På veg frå Madaba til hovudstaden Amman med kompisen vår Ammar. 20190308_185850    IMG-20190227-WA0003

Bilete frå overnattingsturen i Dødehavsfjella! I Zarka(Nord i Jordan) delte vi ut mat til folk som trong det.

IMG_20190124_005452_223 20190304_215523

 

Egypttur og spennande arbeid🇪🇬

Tida i Madaba har vore minnerik og vi har vore med på mykje spennande arbeid og fått mange fine opplevelsar. I kyrkja vi arbeider i, deltek vi kvar morgon på bibelstudie. Vi er engelsklærarar to gongar i veka, vi besøkjer irakiske flyktningsfamiliar, delar ut mat og klede, og sidan begge to er KRIK-patriotar har vi starta opp fotballtreningar ein gong i veka. Fleire gongar har det vore nærare 30 unge som har delteke. Vi har nytta tida i bønn, relasjonsbygging med ungdommane og aktivitet.

Screenshot_20190323-173443_Instagram

Bibelvers frå oss, 1. Korintar 15,58, «Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.»

I tillegg er vi med i ei anna bibelgruppe utanfor kyrkja, i den bibelgruppa har vi fått vener på vår alder som vi og har spelt fotball med. Vi har hatt mykje tid utanfor arbeid, slik at vi har fått brukt mykje tid til bibellesing og gode samtalar. Vi har besøkt tre skandinaviske familiar medan vi har vore her, inkludert nokre dagar med familien Aasen, og hjelpt Erling med arbeidet han gjer i ein barnehage i Karak. I midten av februar reiste vi til Aqaba for å hjelpe colombianaren Juan med fotballakademiet hans, før vi tok turen vidare over Rødehavet til Sharm el-sheik ni dagar. Der vi møtte 4 kameratar frå Bibelskulen som vi går på i Grimstad. I tilllegg til quadbike i den egyptiske ørken, vart det mykje soling, bading, tennis og snorkling.

Då vi kom tilbake frå Egypt har vi delteke på House of prayer meetings i Amman, det er møter med meir moderne lovsong. Noko av det kjekkaste er då vi reiser til Zarka med ein organisasjon støtta av Bibelselskapet. I Zarka deler vi ut mat og klede til familier vi besøkjer, og deler evangeliet. Dei vi møter er anten nyfrelste eller opne for å høyre meir om Jesus. På eit av besøka måtte vi pugge bibelhistorier/vers og reflektere og stille spørsmål for å utfordre folka vi møtar. Gjennom denne spennande organisasjonen har 250 tatt i mot Jesus som deira frelsar dei fire siste åra! Det har vore veldig trusstyrkande dei siste vekene så vi vel å avslutte med Efesarane 6 -7: «Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje. Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.» 

20190206_170822               20190129_131048

Ein god ven og morroklump. Danial inviterte oss på bibelgruppe og fotballkamp. 

20190119_123531                         20190203_194955

Utsikt frå takterassa vår i Madaba.                        Gudsteneste i kyrja i Madaba. 

20190117_133219Mount Nebo. 20190124_193710Bibelgruppe.

Sverre gjekk seg ein tur opp på Sinaifjellet(2285moh). Det var ei sterk oppleving for sunnmøringen som gjekk i lag med guide på natta under stjernehimmelen, med krokete vegar og saman med hundrevis av kamelar. Dette er fjellet mange meina Moses tok i mot dei 10 bod, og staden med både gullkalven og den brennande busk. 20190223_06193120190223_063431

«Gud vet hvordan»

Hei, i dag tenkte vi å fortelje om det som har skjedd dei første vekene i Jordan🇯🇴 I utgangspunktet hadde vi ingen andre plana enn å utforske Aqaba og Wadi Rum, samt å møte Erling og Helene Aasen i Al-Karak før vi starta arbeidet med Bibelselskapet den 14 januar. Men heldigvis kobla Erling oss opp til ein colombianar som skulle arrangere ein fotballeir i ødemarka!

Månadens bibelvers frå Team Midtausten, Efesarane 2,10. «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandre i dei.»

Vi heiv oss på, og den 7 januar var vi i beduinområdet Mudawara(4 km frå grensa til Saudi-Arabia). Vi vart gode venar med colombianaren Juan og kona, og den amerikanske pastoren Nathan som og var med som hjelpetrenar. Dei hadde bedt, og kalla oss for deira bønnesvar sidan dei mangla folk til leiren, og ekstra bra var det at vi då spelte fotball. Etter leiren var ferdig etter tre dagar, reiste vi først til heimen deira i Aqaba, og så på ny fotballeir til Wadi Rum! Det var veldig overraskande at vi som hadde tenkt oss til akkurat dei to stadane no var der! Og det utan å bruke ei krone.. I tillegg til å vere trenarar i både volleyball og fotball, fekk vi og spelt mykje fotball mot beduinane. Wadi Rum ørkenen har eit utruleg særpreg, og vi slit med adjektiva for beskrive staden. I tillegg har vi aldri sett ein klarare stjernehimmel enn då vi sov ute i beduintelt siste natta.

Dei siste tre dagane har vi starta arbeidet vårt i Madaba, det har vore utruleg bra! Vi har fått møte to irakiske flyktningsfamiliar og fått høyre spennande vitnesbyrd. I går reiste vi til Amman saman med ein kompis, og vi avslutta ein bra dag med tyrkisk bad. Vi ser fram til det vidare arbeidet vårt i Madaba der vi samarbeider med det jordanske Bibelselskapet. Vi er no over halvvegs på reisa vår, og har mange fine menneske å takke. Men vår gode Far i himmelen skal ha mest takk for det gode han har lagt ferdig for oss, det som vi både får vandre i, og å vokse i. Gud vet virkelig hvordan!

Salme 106,1-2:

Halleluja!
Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn.
Kven kan nemne alle Herrens storverk,
fortelja om det herlige han har gjort?

2 Korinterbrev 9,15:

Gud vere takk for si useielege gåve!

20190113_152154              img-20190117-wa0009

Wadi Rum

img-20190116-wa0000    Mudawara             img-20190116-wa0042

20190118_112025 (1)

Jørgen held andakt for ungdommar i Madaba. Mange unge er irakiske flyktningar som har flykta frå IS.

God jul og godt nytt år🎅🎉

Då er vi kome fram til Madaba, Jordan. Her skal vi vere fram til 25. mars. Den siste månaden vår i Libanon var veldig kjekk. Vi fekk eit større ansvar i arbeidet, besøkte dei viktigaste turiststadane, og i tillegg fekk vi sterke band til både born og vaksne. Mykje av arbeidet vi gjorde i blant anna Naaba var så spennande at vi brukte nokre fridagar i jula på å være med dei. Vi fekk også ein vennegjeng i Naaba. Mange av dei hadde ikkje sett familien sin på 8 år og vi vart som brødre for dei. Vi feira også nyttår i RCB Naaba med denne gjengen, det var veldig gøy. Nedanfor ser du bildet av denne gjengen som gjorde at vi treivst så godt. På julaftan var vi også på ei fransk-katolsk midnattsmesse. Det var ei verdig avslutning på ein fin dag. I Jordan søv vi på taket i eit stort hus. Vi fekk snakke med mentoren vår der vi la planar for det vi skal jobbe med i Madaba. Vi skal jobbe i ei evangelisk kyrkje som gjer arbeid blant flyktningar, samarbeidspartnar er Bibelselskapet. Vi ser fram til innhaldsrike månadar i Jordan🇯🇴

Vi helsar dokke med to bibelvers som godt beskriv kor viktig det er å ta alle menneske godt i mot, og å ha eit oppbyggeleg felleskap. Romarane 15:7, «Ta derfor i mot kvarandre slik Kristus tok dokke imot, til Guds ære.» Og Ordtaka 27:17, «Som jern kvessar jern, slipast det eine mennesket av det andre».

screenshot_20190103-215000_gallery                   file (11)              Midnattsmesse på sjølvaste julenatta.         Julemiddag saman med pastor Charbel.

file2 (2)                                file4

På besøk til dei romerske ruinane i Baalbek        Nyttårsfest i Naaba

Fakta:

Første dag i Jordan skulle huseigaren vise oss korleis ting fungerte i huset. 

  • Dei brukte ikkje dopapir, så for å demonstrere korleis rompespyplaren fungerte, spylte han vatn på Sverre.
  • Då han skulle skifte lyspære, mista han den i do. Jørgen fekk i oppdrag av å hente den ut av doen.

I tillegg snakka han berre arabisk, og vi berre nikka og lo. Huseigaren køyrde oss heldigvis til butikken der vi fekk kjøpt litt dopapir! 

file3           file1

27 desember i Naaba                                          Julegudsteneste i Naaba

 

God første søndag i advent!🕯️

I dag er det 2. desember og songane til Odd Nordstoga strøymer ut frå høgtalaren som ligg i kjøkkenglaset. Vi er godt i gang med peparkakebaking og opning av julekalendarar. Vi gledar oss til å feire frelsaren som kom til oss på jorda, Jesaja 7:14, «Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel.»

Immanuel betyr at «Gud er med oss», og han er verkeleg vår viktigaste følgesvenn på denne reisa! Vi ynskjer alle heime i Noreg ei velsigna adventstid.

Bilder frå dei siste tre vekene:

2. desember. I dag har vi utfordra kjønnsrollene i Libanon. Til stor forundring for ekteparet vi bur hos klarte to gutar å bake pepperkaker.

file (10)

Filmkveld med ein gjeng syriske gutar. Alle kjem frå muslimske familiar, men er med i RCB sine Lifegroups.

IMG-20181121-WA0002 (1)

Champions🏆

screenshot_20181130-224044_gallery.jpg

 

Frå ein av toppane i Ain Zhalta såg vi over til Syria🇸🇾

IMG_20181202_220612_678

Den 20 november hadde Sverre bursdag. Det feira vi med ein rundtur til kjende stadar i Nord-Libanon som Byblos. Her er vi inne i den utrulege Jeita Grotto. I tillegg tok vi kabelbane på toppen av eit fjell med nydeleg utsikt og åt kake i Lifegroupa vår🎂

IMG-20181203-WA0000

Fakta:

Dama i første etasje likar oss ikkje!

I RCB-kyrkja i bydelen Naaba går det heile 450 muslimske familiar. Nesten alle kvinnene som har tatt i mot Jesus går fortsatt i hijab fordi det er farleg å konvertere frå Islam!

20181130_193153                        Screenshot_20181202-222448_Instagram

Historier fra Libanon

De siste ukene har vi opplevd mye ulikt her i Libanon. Vi har møtt mange gode personer, en del av dem med sterke og triste skjebner.

For en tid siden fikk jeg være med en av pastorene i kirken på hjemmebesøk hos flyktningfamilier. Jeg hadde en forventning om vanskelige kår, og selv om jeg forsøkte å forberede meg på dette, var opplevelsen hjerteskjærende.

Hos den første familien jeg besøkte kom vi først inn i en trang skitten kjellergang, deretter gikk vi videre inn i et lite rom med tre madrasser på gulvet. I dette rommet møtte jeg seks personer, to voksne gutter, en liten gutt, en liten jente og to voksne damer. De to voksne guttene sto innenfor døren og jeg forsøkte å håndhilse på dem… Det ble fort tydelig at de slet med synet, de klarte ikke å finne hånden min. Faren var på jobb, og derfor kan familien regnes som heldige, veldig mange syriske barn har mistet fedrene sine i krigen.

Med innbydende smil fra det jeg regner med at er moren i familien, fikk jeg tegn om å sette meg ned på en madrass. Vi satte oss ned og pastoren gikk i gang med å snakke, jeg forsto ingenting, men fikk mange hyggelige smil fra disse folkene. Pastoren delte ut en Mp3 til den ene av de blinde guttene, og jeg forsto ikke helt først hvorfor en Mp3 var så nødvendig når levekårene deres var slik. Familien ble døpt i sommer og er ivrige etter å lære mer om hva som står i Bibelen, dessverre er jo guttene blinde og damene er analfabeter. I etterkant av besøket hos familien har vi møtt dem hver søndag på gudstjeneste i kirken.

Når vi gikk inn til neste familie måtte vi gå opp en halvveis ødelagt trapp med masse søppel liggende oppover, en liten syrisk jente forsøkte å rydde vei sånn at vi skulle komme oss opp.

Bak døren til leiligheten møtte to unge mennesker oss, en mørkhåret dame og en liten tynn mann. Pastoren gikk foran meg og hilste pent på disse to, deretter gikk vi inn i ett tomt og trist rom med to nye personer. Disse to var helt tydelig utviklingshemmede og sto alene i rommet. Jeg var i denne leiligheten ett lite øyeblikk, men for disse fire unge utviklingshemmede er leiligheten hele livet … Ingen av de fire unge voksne utviklingshemmede blir tatt med ut av leiligheten. Moren i familien er hjemmeværende med disse fire og den ene friske datteren jobber hele tiden. Faren i familien døde i Syria og derfor er det opp til denne ene unge damen å forsørge alle sammen. Familien klarer seg egentlig ikke med pengene datteren tjener og derfor får de jevnlig støtte til mat fra kirken.

I naboleiligheten møtte vi en mor og fire små barn. De bodde i et lite rom med en sofa, to tynne madrasser og en bitteliten tv. Av disse fire barnene har tre av fått hørselsskader og blitt døve etter bombene i Syria. Familien hadde nærmest ingenting og grunnen for vårt besøk hos dem var for å levere noen matkuponger, men selv om denne familien levde såpass kummerlig, ble vi tilbudt både mat og drikke. Den gjestfrie og hyggelige måten familien møtte oss på var veldig fin. Tre av fire barn har også diabetes og behøver ekstra hjelp med dette…

 

At mennesker lever under sånne forhold er hjerteskjærende, men gir også en motivasjon. Møtene med disse triste skjebnene gjør at verden gir mye mindre mening, men møtene gjør også at arbeidet vi får være med på i Beirut gir MYE mer mening!